lørdag 6. februar 2010

I dag passer det med et dikt

Å eiga

Stundom spør ein:
Kan ein eiga eit anna menneskje?

Når to møtest
i hug og hold
og kjenner seg eitt
så ikkje anna er te -
kjenner ein seg eitt
i eit augnekast,
i eit lite ord,
i ein tanke,
i hugskot,
som fer over kornmo
over blømande enger -
kjenner ein seg eitt
i det ein aldri nemner
men som er som svalande regn
for solbrend mold.

Når to har møtt einannan
slik at ikkje anna var te,
slik at dei kjende seg sterkare enn alt
og veikare enn alt,
skjøna berget, så hardt som det er,
skjøna blomen, så mjuk han er -
Og stend eismale att.
Er ein då eismal?
Er ikkje då det andre men'skje med
i kvar rørsle ein gjer?
Ja, kan ein då nokonsinne bli eismal att?

Når to gjev seg til kvarandre,
og dei stend eismale att
kjem det ein strid
i hugen,
i holdet,
om det å eiga
og det å vera fri.

For enno er men'skje bundne
og veit ikkje kva dei seier
når dei kviskrar til kvarandre:
eg elskar deg.

Fyrst dei har sagt ordet
rømer dei
som for ein brann dei har sett på.

Fyrst når to men'skje kan seie til kvarandre:
Gå der du vil,
du er du!
Gjer det du vil,
eg er eg -

Men eg ser vegen din
og eg lyder etter fotefara dine
og eg kjenner din vilje
strøyme gjennom blodet
i jamne, rolege pulsslag -

Fyrst då kan to men'skje eiga kvarandre.


Aslaug Vaa, fra Skuggen og strendan, 1935

(eismal - alene, enslig)

3 kommentarer:

Elsa sa...

Et fint dikt dette.
Jeg er veldig glad i dikt, særlig Haldis Moren Vesaas sine dikt liker jeg veldig godt.

Ha en riktig god helg:)

nefertiti sa...

Ja, dette er et veldig fint dikt.
Med et viktig budskap.
Selv leser jeg Inger Hagerup for tiden.

God helg :-)

bubbs sa...

Jeg har noe til deg i bloggen min. ;)