tirsdag 21. oktober 2008

Den annsame - dikt

Dette diktet leser jeg innimellom. Jeg synes det er en tankevekker, og så er de to siste verselinjene virkelig gode!

Den annsame

Han har ikkje stund til å stogge
og ikkje tid til å sjå.
Menneske som han møter,
dei ansar han aldri på.

Mangt har han rekkje over.

Det gjeld um å fara fort.
Mykje var det å gjera.
Det auka dess meir han fekk gjort.

Så lid det til endes med dagen.
Han står der, studd over stav

og spør: Kva har livet gjeve
og kvar er det vorte av?


Slik jaga han gjennom livet
utan å få det fatt.
Ei glede sprang etter på vegen
men nådde han aldri att.

Jan-Magnus Bruheim
fra "Mennesket og tida"

1 kommentar:

hajal. sa...

Det var flott dikt Sine, vel verdt å tenkje over for alle og einkvar iblandt !